onsdag 25. november 2009

Nyt førjulstida folkens!

Ikveld er eg åleine heime i leiligheten. Eg nyter det! Og eg har tenkt på ein ting ikveld; Nyt livet folkens! Ein av forskjellane eg merka då eg kom frå Peru denna veko, var at folk er stressa her i forhold til f.eks. Peru. Eg veit det er eksamenstid og mykje å hengja fingrane (hovudet) i...Men dog, det er viktig å stoppa opp i stresset og kavet!

Ikveld har eg baka bollar og høyrd på julamusikk for full guffe. (For dei som kjenner meg betyr det òg synging for full hals!) :-) Fantastisk. Imorgo er det eksamen. Ikkje tænk på det! Full kontroll!

Inviter venner, lag god mat, sit inne og høyr på regnet og vinden ute, tenn lys, sett på god musikk, høg musikk, syng med, ta ein tur på cafè, bake kakemenn, et pinnekjøtt, spill et spill, lag et julekort, ring ein venn.. :-)

Dagens oppfordring!
..og dagens CD:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar