mandag 23. november 2009

Det sunne sukker!


Kva kjøpte me mest av i Peru? Svaret er stevia... Kven skulle vel ikkje kunne tenka seg å eta masse søtsaker utan å trenga å tenkja på at det er mykje sukker i-noko me alle veit er usunt i store mengder. Men det treng ikkje vera slik! Stevia er svaret.

"Stevia er en naturlig søt urt som kan erstatte sukker eller kunstige søtningsstoffer i en rekke mat- og drikkevarer". Stevia kan brukast i det meste. Kanskje du lurer på kvifor me ikkje bruker det i Noreg? Svaret er enkelt. Sukkerindustrien her er svært stor, og dersom stevia hadde tatt over hadde det vorte eit stort økonomisk tap her. Difor er det ulovleg meg steviaproduksjon her i landet. Men ein kan kjøpa stevia på internett og få tilsendt. Dette er svært dyrt. Ryktene i Peru sa at det kostar 8000 NOK kr for 1 kg stevia. Trur ikkje mange vil prioritera dette akkurat.

I Peru kjøpte me boksar, som er på 80 gram, for 11 sol=22 norske kroner. Genialt! Det er små boksar. Men det geniale med stevia er at ein treng berre pittelitt. Ei bittelita skjei, mindre enn ei teskjei tilsvarer 100 gram vanleg sukker. Ein slik boks varer difor ei stund. Ein kan bruka sukkeret i sjokoladekaker, kakao, bollar osv. Og truverdige kjeder seier at det smakar nett det same!

Velkommen til stevia kaffibesøk i Granneskleiva 34 for å teste ut spesialiteten! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar