
Med hjarta i halsen sitte vi i ein liten taxi på vegen nedover fjellet i 140 km/t. Vegane er fine (til å vera Peru) men likevel. Eg tykkjer det er grunn til bekymring. Her i landet er det f.eks. enormt med laushundar. Dei sprett ut i vegen over alt. Sjølv om eg lett innrømme at eg ikkje har hjarta for hundar (eller forsåvidt andre vesen på fire bein) så kan eg godt sleppa å køyra på ein.Me har køyrd taxi mange timar denne helga. Eg er så overaska over køyrekulturen her. Ein møter aldri på trafikkontroll, det fins ikkje. Dersom ein møter politiet er det mest sannsynleg for at dei skal sjekka kva du har med deg, eller passet ditt. Det fins få eller ingen reglar for køyringa her i landet. Og det merkast! Me køyrde ca 3 timar med ein taxi, fyrst etter to timar ser eg sjåføren tek på seg beltet. 130 km/t- tviler på belte vil redde han om han krasje. Vi møter ein politi på vegen, tutar og køyrer forbi. Me sit 7 stykk pressa inni ein liten taxi for 5. Ikkje tænk på det. Eg kjenner eg er nervøs, og det blir ikkje betre då eg ser at sjåføren likegreit tek opp mobilen og byrjar å skrive meldingar. Akk! Utruleg nok sovnar me alle i hop og vaknar nokre timar seinare, still alive! Sjåføren høyrer på musikk, høg musikk. Me har køyrd i mange dagar og irritert oss over at me ikkje kjenner nokre av songane, og heller eigentleg ikkje likar musikkstilen. Plutselig skjer det. Enrique Iglesias for våre øyrer. Me vaknar opp og byrjar å syngje for full hals. Endeleg kjem det ein song me kjenner. Det vert berre betre og betre og me endar opp med godeste Bob Marley. Men det sjukaste var at når me song blei sjåføren sjølvsagt kjempe gira, han likte godt at me kjente til og sang med på musikken hans. Men det verste var at han stadig skulle snu seg bak til oss å synge med oss.. "Sjå påå the road, por favor!!", ropte me, i ein blanding av engelsk, norsk og spansk-som det lett blir.
Ingen ulykke skjedde. Me kom oss fram og tilbake og vel så det. Dei seier her at det skjer mindre ulykker på vegane her enn i Noreg. Eg kan ikkje skjøna det, men likevel- helgas konklusjon må nok bli: Peruanarar køyrer som grisar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar