mandag 16. november 2009

Helgetur til Juliaca!

Ikkje alt blir som ein planlegg. Denne helga hadde eg gleda meg til ei fantastisk helg i Juliaca på besøk til Margunn og Liv Elise. Alt var bra og me satte oss på bussen oppover fjellene mot byen Juliaca. Vi hadde ikkje sutte lenge på bussen før eg kjende kvalmen vrenga seg i magen. Av ein eller annan merkeleg grunn kom me oss vel opp til Juliaca. Då eg kom ut av bussen klarte eg såvidt å stå på beina. Å vera sjuk i over 4000 moh er ikkje som å vera sjuk i Noreg. Smilet kom endeleg fram då vi omsider kom fram til heimen me skulle bu i. Reisesjuk, tenkte eg. Sjølv om eg aldri blir det. Natta vart lang og hard. All ære til Margunn som tørka spye for meg. Dagen etter vart lengre enn lang. Eg måtte bite i det sure eplet og takke nei til å vera med dei andre til Titicaca sjøen, noko eg hadde sett fram til lenge. Eg har aldri vore sjukare enn den dagen. Eg klarde ikkje å løfta ein finger, bokstaveleg talt. Formen vart heldigvis stigande og eg klarte å joina gjengen å sjå ein film før det var sengetid att.

Juliaca slår ikkje feil, puttar ein noko i kjeften får ein det garantert i retur, anten det er den eine eller den andre vegen. Høgden kjennes på kroppen, og verkeleg også i toppen! Søndag var eg lei av å vera sjuk og eg vart med dei andre på fjelltur, til christo blanco- ein kristus statue som står på toppen av eit fjell. Turen var tøff, mildt sagt, men eg kom meg opp. Like etter me hadde komt oss ned att starta regntida i Juliaca. Bergen blir berre småyr i høve til Juliaca sine regnbyer. Men det var faktisk litt godt å kjenne regne piska for fyrste gong på 5 veker. Me skal ikkje klaga!

Turen til Juliaca vart ikkje som planlagd for min del. Men eg må sei at det var fantastisk å sjå Margunn og Liv Elise igjen. Dykk var verd turen!

I dag er det på an igjen. Eg er heima frå skulen. Formen suger. Men det er godt å berre vera 2500 moh igjen. No byrjar eg å sjå fram til å venda heim til fedrelandet att. Den lange reisen kunne eg godt vore foruten, men smilet skal vera stort då eg landar på sola på sundag. :-)

Det har vore dårleg med blogging i det siste. Det har vore oppe til vurdering, men eg fann ut det var viktigare å utnytta tida eg har her. Eg har enno ikkje fått skrevet om turen til Bolivia, heller ikkje om turen til Ilo, eller Tackna eller Mockewa. For interesserte kan eg fortelja når eg kjem heim! Eg skulle lagt ut litt bilete,men kamera mitt er igjengløymt på skulen for tida. Det kjem!

Håpar livet er bra i fedrelandet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar