
Lott og løye! Ein dag låg meg og min gode reisekamerat Dagny Irene Tonstad på hotellet i La Paz og slækka. Etter å ha lugge strekk ut i spysjuka dagen før kjende eg at me bevega oss i over 4000 m.o.h. Me bestemte oss difor for å ta ein rolig formiddag på hotellet. Fyrst gjekk me ut å kjøpte postkort og frimerker og gjekk inn att for å skriva. God gang! Det siste postkortet mitt (av mange) skreiv eg til mi kjære mormor, Solveig Marie Falkeid. Dagny Irene kikka plutsleg bort for å sjå kven eg skreiv til. "Falkeid, hmm..det hørtes kjent ut. Oi, jo det er jo pikenamnet til bestemor mi", seier Dagny Irene. Her starta dagens slektsgransking. Me satte begge mødrene våre i aksjon og dei satte vidare sine mødre/fedre i aksjon. Kommunikasjonen går ikkje veldig fort, sidan vi berre kunne skriva melding på mobilen og i tilegg pga. tidsforskjellen. Men me fekk nokre hint og me trur begge to at me er firmenningar- men bevisa er for svake. Imorgo skal eg ta meg ein telefon til mormor og finna svaret, ho vil nok setja pris på at eg lurer på slekta! :-)
Og forresten: eg har vore på ein fantastisk tur til Bolivia ei veka og kom heim ikveld. Har gjort ein del meir enn slektsgransking, men fann ut eg måtte venta med innlegget om Bolivia, inntrykka må synka litt..:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar