Opphaldet vårt i Peru har så vidt byrja. Men me har likevel opplevd mykje på desse fyrste dagane. Arequipa er ein "liten" by med omtrent ein million innbyggjarar og byen ligg på 2397 m.o.h. Høgda går bra så langt, neste veke skal me opp nokre tusen meter til, blir spennande korleis me taklar det.
I Peru er alt billig. Me tar taxi til den minste ting. Det kostar ca 3 solli (6 norske kr) frå der vi bur og ca. 4 km inn til sentrum. Maten er også billig. Vi har ete litt ymse. Eg må innrømma at eg allerede har sakna mamma sine fiskakaker, men eg er positivt overaska og ser at det er ingen fare for at eg skal svelta i hjel. Fyrste kvelden åt me struts. Igår åt me pizza med marsvin til forrett. Eg kan skryta på meg at eg smakte på marsvinet. Men ikkje noko meir. Og eg innrømmer gladleg at eg likar best mat som kjem frå kjente trakter.
Liv Elise og Dagny Irene var så uheldig at dei ikkje fekk bagasjen sin då me kom fram. Den tok eit litt lengre stopp i Brasil. Dette førte til at me måtte ut å handla. Me har fått oss ein lokal venn, Karlos. Herlig fyr. Han passar på oss, viser oss rundt, snakkar spansk for oss, fiksar pc'en min, prutar for oss osv. Thank you! Folket her kan svært lite engelsk så hadde vore vanskeleg å tatt seg fram her utan nokon som kunne snakka spansk for oss.
Me bur hjå Per, ein triveleg kar som jobbar på den norske skulen her. Her får me alt me treng. I tilegg har me trålaust internett og gratis IP-telefon til Noreg. Ganske greit. Med fire jenter i huset vert det ein del rot. Men, ikkje tænk på det. Misjonærar har hushjelp. :-)
Imorgon byrjar kvardagen for oss. Då skal me undervisa misjonærborna. Tysdag reiser me opp i høgden på skuletur til Juliaca og Bolivia. Blir ein spennande kvardag framover. Eg gler meg!
Dagens lærdom:
1)det er ikkje lurt å eta epler i Peru!
2)Sola er sterk i Peru, og det fins faktisk solkrem.
tihi. Kjekt å lesa di oppleving av peru Ingunn. D e au kjekt å dela seng me deg. Du e sød når du sove;) Klemklem
SvarSlettså spennande å lesa, Ingunn. eg gler meg til fortsettelsen!pass på kvarandre og kom heile heim igjen.kos dåke!
SvarSlettKlem
Ingunn!!! 1000 takk for at du he fått dæg blogg! Såååå kjekt! Meeeeeeen: Marsvin og Struts??? Kæ blir dæ nesta?
SvarSlettKjekt med kommentara! :-) Håpe det går bra i Trondheim både Ingvild og Trine. Ps: dåke må bli kjent! hehe:p Marsvin og struts..det stoppa der Trine. Så kom omgangssjuko.. no går det for det mesta i Idoform og ANTIBAC.. hehe! God gang! :)
SvarSlett