onsdag 28. oktober 2009

Kvardag i Peru

No har me vore på reisefot i nesten to veker. Kvardagen har nett starta att. Me koser oss, me lærer og me opplever. Dagane er meiningsfulle og spennande! Me er velsigna som får moglegheit til å vera her i denne praksisperioden vår. Her er nokre bilete frå den siste tida

Her er lærarrommet vårt. Kvifor vera inne når ein kan vera ute? Lunch i sola er aldri feil. Herlig!


Dagny Irene, mitt gode reisefølge, gode veninna og gode kollega. Me har det topp ilag!

Her er vår kjære Per som er så raus og lar oss bu i leiligheten hans i perioden vi er her. Me rotar, me styrer, men Per har alltid godt humør som smittar veldig! Han kjøper inn alt me treng, kjeftar på kattane for oss og tek oss med på det vi måtte ynskje. Perfect! Bra jobba sjefen min!

Her er den norske skulen i Arequipa. Flott skule med fotballbana i fronten. Her kan me trivast!

Liv Elise og Margunn, håpar dykk har det bra der oppe i Juliaca. At de ikkje kreperer av høgda eller vert eten opp av villhundane. Me kjem på besøk om me får tid. Takk for ein fantastisk tur til Bolivia ilag. Kvalitetsjenter! Karlos (i midten) er me så heldige å få ha blitt kjende med her i Arequipa. Karlos er nesten naboen til meg, Dagny irene og Per. Han stikk stadig innom på besøk for litt iskrem, litt brunost eller ein prat. "I have a friend who...": Karlos vil alltid hjelpe oss og har ein venn som kan hjelpe oss med det eine og det andre. Neste prosjekt er å skaffe eit helikopter til å fly oss til El-Misty. (eit fjell 5822 moh). Det hadde ikkje vore feil det nei!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar