søndag 18. oktober 2009

Beinklare!

Endeleg! Onsdag ettermiddag var det fina veret og beine vegen til Sola lufthavn. Sommarfuglar i magen. Pittelitt stressa, mildt sagt. Men dog, god stemning. Meg og Margunn hadde tre dagar for oss på reisefot før det endelege målet, Areqipa- Peru. Fyrste stopp på reisa var London. Me overnatta på eit koseleg hotell og nytta torsdags føremiddag i London city. Ingen kan klandra oss for å ikkje ha utnytta tida i storbyen i alle fall. Me hadde ein fantastisk dag med sol frå skyfri himmel. Ingen av oss hadde vore i London før. Me hadde få timar, men to mål: Me skulle sjå Big Ben og Buckingham palace før me reiste vidare. Me la i veg og då dagen var omme kunne vi sjå attende på gode minner med piknikk ved Buckingham palace og med bilder av Big Ben og mykje anna. Me innbiller oss til og med at me fekk eit glimt av sjølvaste Queen Elisabeth. For ein dag!

Resten av reisen tilbrakte me stortsett på eit eller anna fly, eller i ein innsjekkingskontroll. Då me kom til Madrid airport fekk me litt kalde føtter. For ein gigantisk flyplass, sjølv om den berre er verdas 20. største. Og i tilegg kunne dei ikkje engelsk der. Men jammen meg kom me oss på neste fly òg. 11 timar til neste destasjon. Eg må innrømma at Margunn kunne hatt kjekkare reisefylgje. Eg sov ca 10 av 11 timar. Margunn sov ca 10 timar mindre enn meg.

I Lima venta me 9 timar før me traff me på resten av reisefylgje vårt. Me var sletne, trøytte, glade spente og leie. Augeblinken då me landa på flyplassen i Arequipa kan diverre ikkje beskrivast med ord. Så annerledes. Så fantastisk. Jubel i taket, endeleg framme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar