onsdag 23. desember 2009

God jul folkens!

Hellige Far!
Hjelp oss at ikke gavene skjuler for GAVEN,
At ikke barna skjuler for BARNET,
At ikke lysene skjuler for LYSET,
At ikke stjernene skjuler for STJERNEN,
At ikke budbærerne skjuler for BUDSKAPET,
At ikke ordene skjuler for ORDET.
Ordet om at ”Et barn er oss født”.
Ordet om at ”En sønn er oss gitt”.
Hør oss i Faderens, Sønnens og Den Hellige Ånds navn.

søndag 20. desember 2009

MORRO I SNØEN

Jaudå, då var julaferien 2009 i gong. Huset på Algrøy byrjar å bli fyllt opp og julestemninga byrjar å ta plass. Eg har nokre småbrør som eg meiner er litt rastlause. I går kveld rett før midnatt kjeda dei seg og eg foreslo at vi kunne gå ut å leika. Like etterpå var snøballkrigen i gong ute på tunet. Eg fann i alle fall fort ut at eg ikkje fekk noko særskild behandling fordi eg var jente. Me koste oss i dei seine nattetimar. Ikkje kvar dag Algrøy ligg kvit i snø, så me nyter det mens me kan.












søndag 13. desember 2009

Tante Ingunn

Då eg var mindre blei eg ofte kalla "tante Ingunn" av ulike folk på øya der me vaks opp. Verken var eg sjølv tante eller hadde ei tante som heitte Ingunn. Eg skjøna ingenting av det då, og eg har faktisk aldri oppklart mysteriet med kvifor eg vart kalla tante Ingunn, men eg trur det må ha vore ei eller anna tante på Algrøy ein gong i tida som heitte Ingunn, og i tilegg vel eg å tru at "tante Ingunn" klinger nokså fint.

Endeleg kom tida der eg fyrst sjølv kunne identifisera meg med navnet "tante Ingunn". Året 2007 vart eg tante for fyrste gong. Det var stor stas, mildt sagt. Jonas kom til verda òg vart min fyrste "tant'unge". Året etterpå kom det jammen meg eit nytt tanteborn. Utruleg nok skjedde det eit under og det vart ei jente, Emilie. Me er ikkje plaga i familien med å få for mange av det feminine kjønn, så det var kjekt. Dette året slo heller ikkje feil, familien Algrøy har òg i år blitt velsigna med nok ein liten pjokk. Benjamin kom til verda for ei lita veke sidan og eg kan knapt venta til å treffa den litle Algrøyguten.

Å vera tante er fantastisk! Born skapar glede på mange måtar. Anten dei står å har opna frysen å roper på tante om dei kan få is, eller dei får presangar og finn ut at det kjekkaste er å leika med papiret... Det kjekke med å vera tante er også at når "skittbleio" stinker som verst, eller når lydnivået blir for voldsomt, tårene for store- så kan ein alltid "levere dei tilbake".

Dessverre bur eg ikkje i same by som nokon av tanteborna mine. Men då er det kjekt å ha bilete å sjå på innimellom. Er dei ikkje søte? :-)











lørdag 12. desember 2009

Advent


Mens frost og vintermørke rår
begynner kirkens nye år,
og våre sinn skal være vendt
mot lyset som på jord er tent.

I mørket ved vår side står
Han som steg inn i våre kår.
Hvert adventlys skal minne om
at Jesus, lysets Herre kom.

Han kommer stadig til oss inn
og lar oss se Guds milde sinn.
Vårt ønske ved den tente krans
er at vårt liv må være hans.

Når verden og dens tid forgår,
gryr evighetens kirkeår.
Å, Herre la oss finne vei
til lys og salig liv hos deg!

fredag 4. desember 2009

Fin kveld, fine folk!

Eksamen er overstått. Livet er herlig! Gode vener, baking, eting, speling, meir eting, god stemning. Eg nyter det! Igår baka kakemenn til den store gullmedalje. Gutane kom (merkeleg nok!) etter me var ferdige å baka og kakene stod på bordet. Det må seiast at kakemenna ikkje vart super velykka, men kven bryr seg? Alt går i grisen! :p

Me har ein heilt fantastisk leilighet som me trivest så godt i alle tre. Her har me god plass, og me har alltid noko på lur i tilfelle det kjem besøk. Granneskleiva 34, både husrom og hjerterom.

Takk for ein kjekk kveld ilag folkens. Dåke è gullv verdt! :-)




Det gjekk litt fort og me var litt trøytte. Me glømte å ha i hornsalt, og tok det i litt seint. Det blei berre to klumpar. Kanskje ikkje det besta trikset. No veit me grunnen til at dei smakte som knekkebrød dagen derpå i alle fall. Tips: hornsalt er lurt å blanda i vatnet;)

Bakeglede! :-)

Plutseleg fann me ei kaka i frysen. Den gjekk glatt ned..

Me kosar oss med kortspel. Nokon av oss er blitt djupt reven med av ei bok:p God stemning!



Margunn har besøk av svigerinna si Anbjørg, dei lagar pepperkaker. Trur nok det er litt meir kvalitet der i gården..
Kva skjer? Bakinga/etinga tok på. Godt å ha ein sofa å slenge seg ned i då! Folk er komfortable på ulike måtar. Bileta taler for seg sjølv:-)

Margunn har laga adventskalendar. Kjempekoseleg!

tirsdag 1. desember 2009

Gode vener!


Åå, kor heldig eg er! Dåke è toppen:-) Takk for ein fantastisk kveld ilag då eg kom heim. Må ikkje bli så lenge til neste gong. Kva hadde livet vore uten gode vener? For ei velsigning.

onsdag 25. november 2009

Nyt førjulstida folkens!

Ikveld er eg åleine heime i leiligheten. Eg nyter det! Og eg har tenkt på ein ting ikveld; Nyt livet folkens! Ein av forskjellane eg merka då eg kom frå Peru denna veko, var at folk er stressa her i forhold til f.eks. Peru. Eg veit det er eksamenstid og mykje å hengja fingrane (hovudet) i...Men dog, det er viktig å stoppa opp i stresset og kavet!

Ikveld har eg baka bollar og høyrd på julamusikk for full guffe. (For dei som kjenner meg betyr det òg synging for full hals!) :-) Fantastisk. Imorgo er det eksamen. Ikkje tænk på det! Full kontroll!

Inviter venner, lag god mat, sit inne og høyr på regnet og vinden ute, tenn lys, sett på god musikk, høg musikk, syng med, ta ein tur på cafè, bake kakemenn, et pinnekjøtt, spill et spill, lag et julekort, ring ein venn.. :-)

Dagens oppfordring!
..og dagens CD:-)