fredag 4. desember 2009

Fin kveld, fine folk!

Eksamen er overstått. Livet er herlig! Gode vener, baking, eting, speling, meir eting, god stemning. Eg nyter det! Igår baka kakemenn til den store gullmedalje. Gutane kom (merkeleg nok!) etter me var ferdige å baka og kakene stod på bordet. Det må seiast at kakemenna ikkje vart super velykka, men kven bryr seg? Alt går i grisen! :p

Me har ein heilt fantastisk leilighet som me trivest så godt i alle tre. Her har me god plass, og me har alltid noko på lur i tilfelle det kjem besøk. Granneskleiva 34, både husrom og hjerterom.

Takk for ein kjekk kveld ilag folkens. Dåke è gullv verdt! :-)




Det gjekk litt fort og me var litt trøytte. Me glømte å ha i hornsalt, og tok det i litt seint. Det blei berre to klumpar. Kanskje ikkje det besta trikset. No veit me grunnen til at dei smakte som knekkebrød dagen derpå i alle fall. Tips: hornsalt er lurt å blanda i vatnet;)

Bakeglede! :-)

Plutseleg fann me ei kaka i frysen. Den gjekk glatt ned..

Me kosar oss med kortspel. Nokon av oss er blitt djupt reven med av ei bok:p God stemning!



Margunn har besøk av svigerinna si Anbjørg, dei lagar pepperkaker. Trur nok det er litt meir kvalitet der i gården..
Kva skjer? Bakinga/etinga tok på. Godt å ha ein sofa å slenge seg ned i då! Folk er komfortable på ulike måtar. Bileta taler for seg sjølv:-)

Margunn har laga adventskalendar. Kjempekoseleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar