Endeleg kom tida der eg fyrst sjølv kunne identifisera meg med navnet "tante Ingunn". Året 2007 vart eg tante for fyrste gong. Det var stor stas, mildt sagt. Jonas kom til verda òg vart min fyrste "tant'unge". Året etterpå kom det jammen meg eit nytt tanteborn. Utruleg nok skjedde det eit under og det vart ei jente, Emilie. Me er ikkje plaga i familien med å få for mange av det feminine kjønn, så det var kjekt. Dette året slo heller ikkje feil, familien Algrøy har òg i år blitt velsigna med nok ein liten pjokk. Benjamin kom til verda for ei lita veke sidan og eg kan knapt venta til å treffa den litle Algrøyguten.
Å vera tante er fantastisk! Born skapar glede på mange måtar. Anten dei står å har opna frysen å roper på tante om dei kan få is, eller dei får presangar og finn ut at det kjekkaste er å leika med papiret... Det kjekke med å vera tante er også at når "skittbleio" stinker som verst, eller når lydnivået blir for voldsomt, tårene for store- så kan ein alltid "levere dei tilbake".
Dessverre bur eg ikkje i same by som nokon av tanteborna mine. Men då er det kjekt å ha bilete å sjå på innimellom. Er dei ikkje søte? :-)






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar