mandag 23. november 2009

Herlig avslutning!



Plutseleg var 5 veker gått og me måtte, anten me ville det eller ei, venda naso heimøve mot fedreladet. Dei siste dagane i Arequipa koste vi oss max og naut dei siste dagane i landet.

Siste kvelden gjekk me på favorittrestauranten til meg og Dagny Irene og åt ein god middag. Det blei ein skikkeleg festkveld.

mandag 16. november 2009

Ymse bilder

Her er vi på båttur i Ilo. Yrande dyreliv i sjøkanten!

Eg fann meg ei veninne i Mockewa. :-) Black and white, rich and poor...
Christo Blanco in Mockewa.. Ein statue som ein møter i dei fleste byane i sør amerika. På det høgaste punktet i byen står den å vaktar byen.
Dette er litt typisk Peru. Brunt og grått. Ser ganske trist ut. Tørt!
Her er det grønt og frodigt. Det er ikkje så ofte me ser i dette landet. Her frå Mockewa.
Husdyret vårt. Godt med ein strekk! Puus:-)
Her er heile skulen samla for å eta etter at me har hatt heimkunnskap med 5.-6.klasse.

Helgetur til Juliaca!

Ikkje alt blir som ein planlegg. Denne helga hadde eg gleda meg til ei fantastisk helg i Juliaca på besøk til Margunn og Liv Elise. Alt var bra og me satte oss på bussen oppover fjellene mot byen Juliaca. Vi hadde ikkje sutte lenge på bussen før eg kjende kvalmen vrenga seg i magen. Av ein eller annan merkeleg grunn kom me oss vel opp til Juliaca. Då eg kom ut av bussen klarte eg såvidt å stå på beina. Å vera sjuk i over 4000 moh er ikkje som å vera sjuk i Noreg. Smilet kom endeleg fram då vi omsider kom fram til heimen me skulle bu i. Reisesjuk, tenkte eg. Sjølv om eg aldri blir det. Natta vart lang og hard. All ære til Margunn som tørka spye for meg. Dagen etter vart lengre enn lang. Eg måtte bite i det sure eplet og takke nei til å vera med dei andre til Titicaca sjøen, noko eg hadde sett fram til lenge. Eg har aldri vore sjukare enn den dagen. Eg klarde ikkje å løfta ein finger, bokstaveleg talt. Formen vart heldigvis stigande og eg klarte å joina gjengen å sjå ein film før det var sengetid att.

Juliaca slår ikkje feil, puttar ein noko i kjeften får ein det garantert i retur, anten det er den eine eller den andre vegen. Høgden kjennes på kroppen, og verkeleg også i toppen! Søndag var eg lei av å vera sjuk og eg vart med dei andre på fjelltur, til christo blanco- ein kristus statue som står på toppen av eit fjell. Turen var tøff, mildt sagt, men eg kom meg opp. Like etter me hadde komt oss ned att starta regntida i Juliaca. Bergen blir berre småyr i høve til Juliaca sine regnbyer. Men det var faktisk litt godt å kjenne regne piska for fyrste gong på 5 veker. Me skal ikkje klaga!

Turen til Juliaca vart ikkje som planlagd for min del. Men eg må sei at det var fantastisk å sjå Margunn og Liv Elise igjen. Dykk var verd turen!

I dag er det på an igjen. Eg er heima frå skulen. Formen suger. Men det er godt å berre vera 2500 moh igjen. No byrjar eg å sjå fram til å venda heim til fedrelandet att. Den lange reisen kunne eg godt vore foruten, men smilet skal vera stort då eg landar på sola på sundag. :-)

Det har vore dårleg med blogging i det siste. Det har vore oppe til vurdering, men eg fann ut det var viktigare å utnytta tida eg har her. Eg har enno ikkje fått skrevet om turen til Bolivia, heller ikkje om turen til Ilo, eller Tackna eller Mockewa. For interesserte kan eg fortelja når eg kjem heim! Eg skulle lagt ut litt bilete,men kamera mitt er igjengløymt på skulen for tida. Det kjem!

Håpar livet er bra i fedrelandet!

tirsdag 10. november 2009

Grisekøyring!


Med hjarta i halsen sitte vi i ein liten taxi på vegen nedover fjellet i 140 km/t. Vegane er fine (til å vera Peru) men likevel. Eg tykkjer det er grunn til bekymring. Her i landet er det f.eks. enormt med laushundar. Dei sprett ut i vegen over alt. Sjølv om eg lett innrømme at eg ikkje har hjarta for hundar (eller forsåvidt andre vesen på fire bein) så kan eg godt sleppa å køyra på ein.

Me har køyrd taxi mange timar denne helga. Eg er så overaska over køyrekulturen her. Ein møter aldri på trafikkontroll, det fins ikkje. Dersom ein møter politiet er det mest sannsynleg for at dei skal sjekka kva du har med deg, eller passet ditt. Det fins få eller ingen reglar for køyringa her i landet. Og det merkast! Me køyrde ca 3 timar med ein taxi, fyrst etter to timar ser eg sjåføren tek på seg beltet. 130 km/t- tviler på belte vil redde han om han krasje. Vi møter ein politi på vegen, tutar og køyrer forbi. Me sit 7 stykk pressa inni ein liten taxi for 5. Ikkje tænk på det. Eg kjenner eg er nervøs, og det blir ikkje betre då eg ser at sjåføren likegreit tek opp mobilen og byrjar å skrive meldingar. Akk! Utruleg nok sovnar me alle i hop og vaknar nokre timar seinare, still alive! Sjåføren høyrer på musikk, høg musikk. Me har køyrd i mange dagar og irritert oss over at me ikkje kjenner nokre av songane, og heller eigentleg ikkje likar musikkstilen. Plutselig skjer det. Enrique Iglesias for våre øyrer. Me vaknar opp og byrjar å syngje for full hals. Endeleg kjem det ein song me kjenner. Det vert berre betre og betre og me endar opp med godeste Bob Marley. Men det sjukaste var at når me song blei sjåføren sjølvsagt kjempe gira, han likte godt at me kjente til og sang med på musikken hans. Men det verste var at han stadig skulle snu seg bak til oss å synge med oss.. "Sjå påå the road, por favor!!", ropte me, i ein blanding av engelsk, norsk og spansk-som det lett blir.

Ingen ulykke skjedde. Me kom oss fram og tilbake og vel så det. Dei seier her at det skjer mindre ulykker på vegane her enn i Noreg. Eg kan ikkje skjøna det, men likevel- helgas konklusjon må nok bli: Peruanarar køyrer som grisar!

mandag 2. november 2009

BILLIG! :-)


Noko av det eg kjem til å sakna frå Peru er prisane. Alt er billig her! Me kan gå ut å eta uten å tenka over det. Og då snakkar me kjøttmiddag for langt under hundrelappen. Me har funne oss ein yndlingsrestaurant. Denne restauranten skulle eg gjerne tatt med meg heim! Uten om billig mat er det meste anna òg billig. Taxi til byen kostar 6 kroner. Me var på markedet å kjøpte filmar og cd'ar i helga. Ein cd kostar 5 norske kroner og ein DVD kostar 4 kroner. Men det må seiast at alt er kopi. Ein finn ikkje anna her. Alt er fake. Eg skulle gjerne tatt julehandlelen her, men eg er redd det blir dyrt med overvekt på flyet. Så vi får heller kosa oss med gode middagar, hehe.

SPAR MEG!






Ein del av kvardagen her i Arequipa består av å irritera/forundra seg over merkelege ting her i landet. Ein av dei mest irriterande tinga er dessidert lyden av BOSSBILEN! Det kan eigentleg ikkje forklarast, berre erfarast! Men i alle fall spelar bossbilane i byen "fûr Elise" for full guffe. Ein kan ikkje unngå å høyra det. Stakkars Beethoven, trur han hadde blitt oppgitt om han hadde høyrt dette. I ein lys og til tider falsk tone klinger to strofer av songen over heile byen kvelden lang. Om att og om att. Rondoen hadde fortjent betre enn å bli brukt opp og latterleggjort av bossbilane i Arequipa.

Eg har høyrd rykter om at dei pleier å skifta song nærmare jul- ikkje øydelegg fleire songar seier berre eg.

fredag 30. oktober 2009

Fest og glede i leiligheten "vår" !

Her er det jordbærtid. Våren er verkeleg her. Jordbærsyltetøy med store jordbærbitar- mm, det smakte himmelsk!
Tid for hårfarging. Kvifor ikkje ta det på golvet i stova? Dagny Irene er frisør. Smil og glede!


Når vi fyrst er igong med frisør i stova kjem det plutseleg ein tannlege på besøk. Tid for å fikse tenna. Heimetannlege er genialt!


I Peru leikar ein ikkje tannlege. Avstøyping av tenner. :-)

Etter frisørtid og tannlegetid er det duka for ein skikkeleg jentefest. Me lagar brownies, finn fram is og snacks og ser film. Herlig kveld jenter:-) Me kosar oss!